Styrkar beredskapen

Publisert av hallingdal_admin

01.11.17, kl 01:22

Når staumen er borte stoppar samfunnet» Denne påstanden meinar eg me kan stå inne for, seier nettsjef i Hallingdal Kraftnett Øystein Velure. Kraftberedskapen er viktig for heile Hallingdal.

Viktig infrastruktur

- Dei aller fleste verksemder, samfunnfunksjonar og privatpersonar er meir eller mindre avhengig av ein stabil kraftleveranse dersom ein skal få gjort jobben sin og utføre sine mange daglegdagse oppgåver, seier Velure. For nokre ti-år sidan var folk både van med, og førebudde på at det kunne oppstå straumbrot – inni mellom ganske langvarig – særskilt dersom det var uværsperiodar. I dag vert det forventa at kraftleveransen er stabil, utan avbrot, uansett vér og vind. Dette prøver me som nettselskap å etterkoma, og arbeider kontinuerleg med å sikra kraftforsyninga ved å stadig å forsterka nettet og føreta regelmessig vedlikehald.

Stort nett


Hallingdal Kraftnett har eit omfattande kraftnett med 1750 transformatorar og 4000 km linje og kabel. I eit så stort nett vil det frå tid til annan oppstå feil, noko me prøver å vere budde på. Mest kritisk er det dersom feilen råkar dei mest sentrale komponentane, som t.d. ein transformatorstasjon. Dersom ein slik stasjon vert alvorleg skada er dyre råd gode. HKN har difor valt å bygge ein beredskapscontainer som i praksis er ein mobil transformatorstasjon. Denne vil ein kunne flytte til det området i Hallingdal der det måtte oppstå eit akutt behov. I tillegg til sjølve transformatorstasjonen (containeren) så har ein også store krafttransformatorar i beredskap, som kan transporterast dit det er behov. På denne måten prøver Hallingdal Kraftnett på ein best mogeleg måte å sikre at normal straumforsyning kan gjenopprettast dersom uhellet skulle vera ut.

Med gode beredskapsløysingar vil me kunna redusera tida du som kunde er utan straum. Dersom du som kunde er heilt avhengig av straum til ei kvar tid, bør du vurdere reserveløysingar som UPS eller dieselaggregat. Me vil dessverre aldri kunne garantere 100,0 % oppetid, sjølv om nettet er bra.

Dyrt å ikkje levere


Når eit nettselskap ikkje leverar, så trer det i funksjon ein mekanisme som påfører nettselskapet store kostnader. Denne ordninga som er pålagt frå overordna myndigheiter gir oss endå ein god grunn til å arbeide hardt for at leveransen skal vere så stabil som mogeleg.